Ukens Drage: Sigrid Birkeland Djønne

Hvor kommer du fra?
– Eg er fødd og oppvaksen i Indre Arna, og byrja å spele fløyte i Indre Arna skulemusikklag når eg var 9 år gammal. Eg har spela med fleire korps i Bergensområdet, som Alliansekorpset Arna, Lungegaardens musikkorps, HUK og no spelar eg i Dragen. Eg spelar også i Ung Symfoni, og likar godt både orkester og korps.

Hva jobber du med?
– For tida studerar eg fløyte på Griegakademiet, og det er det eg brukar det meste av tida mi på. Ved sidan av studiet jobbar eg som instruktør for fleire korps, og frilanser.

Når begynte du i Dragen?
– Eg byrja i Dragen våren 2013.

Beste konsertopplevelse med Dragen?
– Den beste konsertopplevinga med Dragen må vere mitt fyrste NM på scenen i Olavshallen, altså i 2013. Eg hugsar eg var veldig nervøs, men det var heilt utruleg kjekt å spele.

Hva slags musikk liker du best å spille?
– Eg syns mange sjangrar er gøy å spele, men de større verka er heilt klart dei kjekkaste, og så er eg veldig glad i norsk musikk.

Favoritt marsj?
– Frå barndommen henger Bojarenes inntogsmarsj igjen, så av rein nostalgi må det bli den.